No er det Quiz på Fotomorro, å eg tenkte å prøva meg :)
Kva betyr fotografering for meg? Hmm, for det fyrste synst eg det er ein veldig fin måte å ta vare på augneblink på, ein kan ta fram bilete og mimre. For det andre er det alltid kjekt å leke seg litt med kameraet, ein kan teste maaaange ulike teknikkar, og i tillegg prøve seg på redigering, eller scrappe:) Å sist men ikkje minst, er det alltid meir å lære, alltid nye motiv å ta bilete av og eg vert ALDRI lei av å ta bilete :D
Så slenger eg med nokre bilete eg er glad i:

Pappa i natta - dette var fyrste gong eg prøvde meg med long lukkartid

Hehe, ja eg likar long lukkartid:) her er ein vinterkveld. Eg måtte ligge på bakken i eit halvt minutt, då bilete var teke var eg heilt kvit av snø på magen og måtte skunde meg heim for å varme meg:)

Og så, her er det som eg sannsynlegvis er mest stolt over :D
Fotomorro.blogspot.com